Politikken
Program kommunestyreperioden 2023-2027
«TRYGGE LÆRDAL»
Lærdal skal vere ein trygg plass å bu, vekse opp og bli gamal i.
For å kunne yte gode tenester, må me rekruttere og ta vare på viktig kompetanse i kommunen.
NÆRING - KLIMA OG MILJØ – AREAL
Dette har AP med Audun i ordførarstolen fått til i siste periode:
- Infraplast AS har etablert seg på Grandane med svært mange arbeidsplassar, den største einskilde nye næringsetableringa i Lærdal sia 1980-talet – miljøbedrift med bruk av resirkulert plast
- Pådrivar for at vårt lokale næringsliv kan få kjøpe rimeleg konsesjonskraft
- Næringsareala i Håbakken er ferdigstilte og selde til etablering av næringspark
- Avvikla LNU, og næringsarbeidet er lagt inn i kommunal organisasjon, med dette er samla midlar til næringsutvikling auka
- Revisjon av klima og energiplan – eigen klimakoordinator
Kva AP vil satse på og ha som mål i komande periode:
- Ferdigstilling av arealplan: nytt nærings- og bustadareal.
- Fortetting i allereie godt etablerte bustadområde må skje med omtanke
- Utgreie buplikt for einebustader i Ofta og på Lærdalsøyri
- Næringsfondet må betale meir renter/avdrag på næringsretta investeringar
- Prioritere elveførebygging for Lærdalsøyri – mål oppstart 2025
- Fullføre reetableringa av villreinstammen i Nordfjella
- Arbeide for bru Fodnes/Mannheller
- Slå ring rundt allemannsretten
OPPVEKST
Dette har AP med Audun i ordførarstolen fått til i siste periode:
- Ungdomsklubben Kosen har fått nye lokale
- Styrka grunnbemanninga i barnehagane
- Vedteke eige oppvekstsenter på Borgund
- Det er jobba godt med trygg skuleveg i heile kommunen
- Auka satsing på IKT i perioden
Kva AP vil satse på og ha som mål i komande periode:
- 100.000 kr pr år øyremerkast transport til ekskursjonar i nærmiljøet for skuleelevar
- Nulltoleranse for mobbing
- Fleire miljøarbeidarar/barne-og ungdomsarbeidarar i skulen
- Arbeide for å auke lærartettleiken i småskulen
- Ferdige framlagde planar i 2024 for oppstart av neste byggesteg Lærdalsøyri skule
OMSORG OG HELSE
Dette har AP med Audun i ordførarstolen fått til i siste periode:
- Aktivitør i fast stilling
- Nytt aktivitetshus
- Etablert bruktbutikk på Øyri – kommunalt føretak
- Oppretta stilling som koordinator/prosjektleiar for «Trygge Lærdal»
Kva AP vil satse på og ha som mål i komande periode:
- Planlegge eldreomsorga for den komande eldrebølga – revidering av helse- og sosialplan
- Vidare satsing på innføring av velferdsteknologi
- God tilrettelegging for personar råka av demens og deira pårørande
- Lærdal sjukehus skal vere ein del av desentralisert sjukehusstruktur - styrking av tilbod lokalt
- Arbeide for smidige ordningar i høve samarbeidet kommune/spesialisthelseteneste/Sogn LMS, særleg i høve tunellstenginga
- Vidareutvikle Doktarheimen med til dømes temakaféar
- Kreftkoordinatorstilling
- Prosjekt «Trygge Lærdal» skal halde fram
KULTUR - FAMILIE – VÅRE NYE INNBYGGARAR
Dette har AP med Audun i ordførarstolen fått til i siste periode:
- AP har vore pådrivar for at innbyggarane i Lærdal kan få kjøpe rimeleg konsesjonskraft frå kommunen
- Auka kulturmidlar til lag og organisasjonar
- Positiv utvikling på gamle Lærdalsøyri
- Gode tilbakemeldingar frå IMDi på arbeidet med mottak og integrering av flyktningar
- Enklare å få vedteke frådeling av bustadar i LNF-område
- Har auka løyvinga til Kyrkjeleg fellesråd
- Kulturhuset/Villakssenteret: Kulturdelen er sikra for allmenn bruk
Kva AP vil satse på og ha som mål i komande periode:
- Endeleg plassering av kulturskule og bibliotek
- Kultur som eiga eining i den kommunale organisasjonen
- Legge til rette for årleg internasjonal kveld i kulturhuset
- Opprette utstyrsbibliotek for utlån av fritidsutstyr, i samarbeid med Brukthjørna
- Støtte opp om vidare drift av Foreninga Lærdalsmarknaden
- Auka satsing på gamle Lærdalsøyri
- Sikre støtte til lag og organisasjonar
- Vidare satsing på Kongevegen
- God integrering og språkopplæring for flyktningar, i samarbeid med frivillige organisasjonar
FOLKEVALD STYRING - KOMMUNEØKONOMI
Dette har AP med Audun i ordførarstolen fått til i siste periode:
- Innført utvalsmodell
- Meir aktivt ungdomsråd, råd for eldre og mennesker med nedsett funksjonsevne
- Torsdagskaffi med ordførar og varaordførar er attende
- Fast streaming av kommunestyremøta
- Sett i gang eit stort digitaliseringsarbeid
- Auka disposisjonsfondet – lågare lånegjeld – god økonomistyring
Kva AP vil satse på og ha som mål i komande periode:
- Vidareføre utvalsmodellen
- Revidere politivedtektene
- Positive til interkommunalt samarbeid
- Utvikle samarbeidet mellom administrasjon, politikk og tillitsvalde
- Mål om stillingar i 100%
- Fleire traineestillingar og lærlingar
- Ha ein sunn og berekraftig økonomi